|
Fjordamattunet DA • Støfringsdal, 6847 Vassenden • Tel: 57 72 71 43 / 951 46 531 • E-post: kari@fjordamattunet.no • Orgnr: 992 989 947
![]()
VELKOMMEN TIL FJORDAMATTUNET
I tunet på garden til Kari og Odd Støfringsdal er det laga til eit bakstehus i den gamle fjøsen. Der er det eit moderne kjøkken, stor vedfyrt bakaromn og bord til baking og felles måltid. Her har vi tilbod om kurs og matopplevingar som passar for alle, både arbeidskollegaer, organisasjonar, vener, familiar og dei som driv med lokal foredling eller servering. Saman bakar vi, syltar eller lagar pølse, og kosar oss med resultatet til slutt. I trivelege lokale kan de møtast for å lære, oppleve og nyte. Velkommen skal de vere. Nyheit: Gåvekort på kurs eller oppleving i Fjordamattunet kan no bestillast her. |