Fjordamattunet logo
Fjordamattunet DA • Støfringsdal, 6847 Vassenden • Tel: 57 72 71 43 / 951 46 531 • E-post: kari@fjordamattunet.no • Orgnr: 992 989 947
Om oss
Kurs og oppleving
Oversikt og bestilling
Historisk om bakst
Brød med frø på fjøl
Deig som godgjer seg foran vedfyrt steinomn
Kursdeltakare i gang med hellebakst
Kursdeltakar knar deig
OPPLEVINGSBAKST

Bakst i vedfyrt bakaromn

Godt Brød
Deiga er på gong, den ventar på deg for å bli trilla, forma, pynta og steikt. Omnen har vore fyrt i nokre timar og er god og varm. Medan brøda hevar og steiker blir historia om baksten fortalt, og det blir servert ein smakebit av bakst som er ferdig før de kjem. Medan steikelukta siv ut i lokalet dekkar vi bord og førebur måltidet med smør, ost og heimelaga syltetøy, kaffi og te. Ditt brød får du med heim som eit smakfullt minne og handfast kvittering.
Pris: kr. 450 pr. person – minimum 8 personar

Pizzakveld
Her kan du komponere din eigen pizza eller bruke det som blir foreslått. Deig og ulikt fyll er gjort klart, og bakaromnen er god og varm så du kan bruke fantasien og lage pizza etter eigen smak. Når pizzaen er ferdig etter nokre minutt i den varme steinomnen er det berre å ete av hjartans lyst. Til pizzaen får de te og rå heimelaga saft.
På ettervarmen lagar vi annan moderne bakst som focaccia eller søt småbakst som de får med heim som eit matminne frå kvelden.
Pris: kr. 450 pr. person – minimum 6 personar

Heildagskurs rundt bruk av bakaromnen
Ein får vere med på heile prosessen frå ein startar med å fyre i omnen og lage deig. Medan deiga hevar og omnen blir varm førebur vi middag. Så skal brøda eltast og formast før ein hevar og steiker dei. Ein utnyttar så ettervarmen til å lage lekre rettar til middagsmåltidet. Det kan vere lammelår bakt i omnen, fløytegratinerte poteter, laks med rømme og purre, bakte poteter og dessert. Medan vi ventar på at måltidet skal bli ferdig startar vi med brød og smør, og historia om baksten og maten. Vi avsluttar med ein felles middag.
Pris: kr. 1000 pr person – minimum 8 personar

Hellebakst

Kaker på helle
De får fortalt historier om korleis utviklinga av hellebaksten på Vestlandet har vore. Denne kvelden får de lære å lage tradisjonelle svelekaker, lappar og natronkaker. Dette er kaker som har vore brukt frå før ein hadde bakaromn og kunne lage gjæra brød, og fram til i dag. Svelekaker og lappar er enkle å lage og bør etast nysteikte. Natronkaker tek det litt meir tid å lage og de får lære både kaker som de bakar ut og klappekaker. Natronkaker eignar seg godt til frysing, så ein kan lage litt meir når ein først sølar til kjøkkenet.
Etter baksten vert det nylaga kaker med det som høver til og kaffi/te. Om det er noko att når måltidet er ferdig, får de med dykk resten heim til dei som ventar der.
Pris: kr. 400 pr. person 6 – 12 personar

Bakst med potet
Potetene er kokte og malne og de får lære å lage potetkake og potetlefse. De får historia til baksten og gode tips til korleis de kan lukkast om de vil prøve heime. Nybaka kaker med smør, sirup, plommesyltetøy, eller kva som elles måtte passe, vert servert med kaffi og te. Dette er kaffimat, men potetlefse og potetkake eignar seg òg godt til saltmat. Potetlefse med rakfisk, poteter og rømme er julemat, røykelaks og eggesalat er godt til forrett og gamalost og tyttebærrømme kan vere avslutning på måltidet. Heimelaga potetlefse kan frysast.
Pris: kr. 400 pr. person 6 – 12 personar

Flatbrød
Heimelaga flatbrød smakar godt til det meste. Vi lagar deig, demonstrerer korleis vi lagar emne, bakar ut og steikjer flatbrødet. Så er det berre trening og rettleiing undervegs som skal til. Kor mange leivar de vil bake, er det de sjølve som avgjer. Når de har bruk for ein pause, vert det servert flatbrød med rømmask (rømmekolle) eller varm suppe og ein kaffikopp saman med litt baksthistorikk. De får med dykk heim det flatbrødet de har baka.
Pris: kr. 400 pr. person 6 – 12 personar.

Sunnfjordlefse
Mange kan ha lyst til å kunne bake seg nokre lefse til høgtider eller fest, men kvir seg på å setje i gong. I kurslokalet er alt klart med utstyr og råvarer og de får lære enkle metodar om korleis de kan lukkast. De får lære korleis ein lagar deig, bakar ut, steikjer og pakkar inn lefsene. Så skal det lagast kling, og lefsene skal smørjast. Kor mange lefser de lagar og får med dykk heim er avhengig av kor lang tid de har. Det blir lefsesmaking og kaffi.
Pris: kr. 450 pr person 8 – 12 personar

Andre lefsekurs
De kan òg få kurs i andre typar lefse om de ynskjer det. Det kan vere mørlefse (tjukke lefse), hardangerlefse, eller snekalefse frå Nordfjord som eignar seg til fiskebrød. Pris for kurset er som for Sunnfjordlefse.
Kursdeltakar ordnar lefse
Ferdigstekt hellebakst på plate
Hånd som smører lefse
Lefse
Kursdeltakarar som smør lefse